torsdag 22. oktober 2015


OD-Dagen

I Noreg har nesten alle skulane valt å vere med på ein organisasjon som heitar operasjon dagsverk. Det er ein organisasjon som samlar inn pengar til urettferdige sakar i verda. I fjord samla dei inn pengar til ungane i Etiopia og Malawi, medan i år skal dei gje pengar til Amnesty. Amnesty kjemper for å få stopp på seksuelle overgrep på barn, og spesielt jenter i Argentina, Peru og i Chile. Eg meiner at det er bra at pengane går til Amnesty, fordi seksuelle overgrep er ein stor sak, og spesielt i desse landa. Grunnen til at det er eit stort problem i desse landa er fordi det skjer enormt mykje overgrep og fordi viss det skulle ha blitt barn så er det nesten ein umulig sak å ta fosteret vekk.

Skulane har blitt med på OD-dagen fordi dei også vill hjelpe til. Måten dei gjer det på er at dei sender forhåpningsvis alle elevane ut for å samle inn pengar til OD. Dei kan få seg eit dagsarbeid i eit firma eller butikk, gjere noko husarbeid heime, sitte barnevakt, det fins ufatteleg mange muligheiter for å skaffe dei 300 hundre kronene. Eg skal selje bollar på togstajonen men nokre kompisar, det blir både gjilt og spennande.

 Det er heilt valfritt å bli med på dette eller ikkje, du kan vere på skulen den dagen og ha normal undervisning. Viss du ikkje vil hjelpe til eller ha det kjekt med å jobbe for å tene pengar så må du vel det, men då bør du vite at det er nokon i verda som ikkje får det like godt som de kunne fått det viss du hadde jobba ein enkel dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar